| Notater |
- Fra Norsk Personalhistorisk Leksikon har jeg hentet denne artikkelen, skrevet av Dagfinn Mannsåker, om Jens Pedersøn Skjelderup:
"Om ungdomstida hans veit vi ingen ting. Han må ha studert ved Kjøbenhavns Universitet, og i 1543 høyrde han til dei som dyrka samværet med teologen Niels Hemmingsøn; den siste var nett komen att frå Tyskland, der han hadde studert under Melanchthon. i 1544 tok S. baccalaureusgraden i filosofi; deretter studerrte han i utlandet nokre år og tok vistnok magistergraden i Wittenburg, kom tilbake til Kjøbenhavn og fekk ei lærarstilling ved universitetet, truleg som "professor pædagogicus", men vart alt ca. 1550 utnemd til professor ("læremester") i fysikk. Han la seg straks etter lækjarvitenskapen, fekk baccalaureusgraden i dette faget 9/3 1553 og tok doktorgraden i Rostok juni s. å. Ei medisinsk avhandling av S. vart prenta i Kjøbenhavn 1554 ("Medica themata de partibus humani corpus"). Han tok rimeligvis sikte på professoratet i lækjarvitenskap etter verfaren, Peter Capeteyn; men då det vart ledig 1557, vart ein annan utnemd, og dette gjorde kanskje sitt til at S. tok imot kallet frå kongen s. å. om å bli biskop i Bergen etter Gjeble Pedersøn. Han hadde nett gjevi uttrykk for si reformatoriske overtydning ved å skriva under på den vedkjenninga om nattverden som Niels Hemmingssøn hadde måtta leggje fram, og han hadde sagt frå at han i dette spørsmålet berre ville halda seg til den lærdommen han hadde fått av lærarane sine i Kjøbenhavn og Wittenberg. Men det var likevel eit sersyn at ein medisinar utan teologisk eksamen vart biskop; han har vel òg sjølv vori i tvil om han burde ta imot utnemninga, og med kongens hjelp fekk han konsistoriet ved Universitetet til å lova (28/5 1577) at han skulle få professoratet sitt tilbake dersom han fann at han ikkje kunne halda fram som biskop. Han vart utnemd 16/6 1557 og ordinert i Kjøbenhavn samme måned.
S. var den andre biskopen (superitendanten i Bergen etter reformasjonen. På den tid han overtok embetet, var ymse katolske kyrkjeskikkar framleis levande i bispedømet, jamvel i Bergens by. Endå han var ein myndig prelat som gjerne ville få gjennomført reformasjonen heilt ut, ser det ut til at han fór fram med lempe dei fyrste åra. Straks han kom til Bergen, prøvde han å få by-rådet til å ta bort helgenbileta i Domkjyrkja; gamle kvinner tilbad framleis desse bileta på gamal vis. Men rådet nekta, og det vart ikkje gjort noko med saka før i 1568, då riksråd Jørgen Lykke og eit pa andre høge danske herrar kom til Bergen. Jørgen Lykke lasta biskopen fordi det enno fanst bilete omkring i kyrkjene i byen. S. var nærmast glad for å få moralsk stønad på denne måten; han gav riksråden ei skriftlig utgreiing om sitt syn på bileta og lova å gjera kva han kunne for å få dei bort. Året etter kalla han prestane i stiftet saman til eit kyrkjemøte i Bergen 22/6 1569; 28 av dei møtte, og her fekk S. vedteki at alle gamle voksfigurar i kyrkjene skulle takast bort. Det same skulle "saa sagtelig" gjerast med alle helgenbileta, førebels med unntak av dei på høgaltaret. Dessutan skulle det heretter vera slutt på all sjeleringing (likringing) under gudstenesta. Vadtaka var heller moderate, men dei varsla ein kamp som skulle bli serleg kvass når det galdt sjølve Domkyrkja. Rådet ville enno ikkje gje etter, og dei reiste kraftig motstand då S. mellom jul og nyttår 1570 gjekk eit steg vidare og tok bort dei fleste helgenbileta på høgalteret i Domkyrkja; kort etter kravde han at rådet skulle ta bort resten. Rådet svara bl. a. med å truga med kyrkjestreik, og sundag 14/1 1571 stod Domkyrkja nesten tom. S. fekk då lensherren Mads Skeel til å mekla. Det lukkast omsider, og rådet tykkjest stort sett ha gjeve opp motstanden. Korleis vedtaka frå 1569 elles vart gjennomførde i bispedømmet, kjenner vi lite til.
Året etter striden med rådet gav S. ut eit skrift mot biletdyrkinga: "En christelig Undervisning aff den hellige Scrifft om hvad en Christen skal holde om affgudiske Billeder oc Stytter udi Kirkerne" (Kbh. 1572, utgjeve på nytt av F. B. Wallem, Kra. 1905). Det er ein dialog mellom ein bonde og ein prest. Bonden representerer det gamle synet og forsvarar bileta; presten er talerøyr for S. og hentar argument frå Bibelen, kyrkjehistoria og det praktiske kyrkjeliv for å reinska ut bileta. Dersom det trengst prydnad i kyrkjane, kan ein t. d. måla skriftord på veggene,og på alteret berre slikt som "betyder oc betegner oss den Herre Jesum Christum", heiter det. Men ohså her hevdar S. at ein får fara lempeleg fram og i mellomtida leggja vekt på å læra folket Guds ord. Skriftet er tenkt som ei rettleiing både for prestar og lekfolk. Det er klårt og greit formulert og viser at forfattaren slett ikkje var framand for folkelig stil.
S. preika ofte, men vi kjenner ikkje nokon av preikene hans. Derimot refererer Absalon Pederssøn i Bergen Kapitelsbog eit par bøner som S. er opphavsmann til (den eine saman med Erik Rosenkrantz); dei er klårt evangeliske i tonen. Argumenteringa hans i biletstriden og venskapen hans med Niels Hemmingssøn kunne nok tyda på visse reformerte kalvinistiske tendensar i S.s teologi; men det er elles ikkje kjeldegrunnlag for slike gissingar. Han tok tvertimot avgjort front mot kalvinistisk forkynning i nattverden. Det vart aktuelt i 1571, då ein Bergensprest som hadde studert i Skottland tok til å læra at brødet og vinen berre var eit teikn eller symbol. Presten fekk nokre åtvaringar av biskopen og domkapitelet og retta seg seinare etter dei.
At S. gjerne ville gje prestane i bispedømet teologisk rettleiing, er sikkert nok. I 1569 baud han seg til å halda filosofiske og teologiske førelesningar for landprestane dersom dei ville koma til Bergen ein månads tid. Dei takka for tilbodet, men svara at det ikkje høvde for dei då. Som ventande var, interesserte S. seg mykje for latinskulen, der dei fleste nye prestane fekk si opplæring; han fekk bl.a. tilsett ein lærar til. Vi kjenner også døme på at han tok unge menn til seg i huset og kosta skulegang på dei.
Om visitasreisane hans veit vi ikkje anna enn at han var i Lindås 1562 og i Sunnfjord og Nordfjord 1565. Tidlegare hadde han klaga til kongen over at han ikkje hadde kunna visitera bygdene lengst borte, fordi han måtte halda skyss sjølv. Det førde til at han fekk kongetiende av Voss prestegjeld lagt til embetet.
Kampen mot den moralske oppløysinga må ha vori eit alvorleg problem for prestane i Bergen på denne tid. Sume av dei greip til primitive og drastiske rådgjerder som t. d. å slå opp skamskrifter mot namngjevne personar. Denne trafikken fekk S. stogga ved hjelp av vedtak i domkapitlet 1562-63. Han prøvde i det heile å unngå uturvande forarging og uro. Det hindra ikkje at han sjølv også kom i strid med borgarar og styresmakter i byen, ikkje berre på grunn av biletdyrkinga. Det hadde delvis samanheng med at han i røynda var ein brålyndt mann som sumtid kunne gløyma kva som sømde seg for ein biskop. Men det kom òg av at dei verdslege styresmaktene, serleg lensherren og byfuten, fleire gonger viste vrangvilje t. d. i økonomiske saker. S. hadde mykje ringare enn Gjeble Pederssøn hadde hatt, og bustaden hans - Gråbrødreklosteret - var i dårleg stand. Lensherre Erik Rosenkrantz saboterte lenge eit kongebod om å vøla bustaden, og tok jamvel ein byeiendom frå biskopen. S. klaga personleg til kongen då han var i Kjøbenhavn 1565, og fekk med seg eit nytt påbod til høvedsmannen på Bergenhus.
I ei sak var det likevel godt samarbeid mellom S. og dei verdslege styresmaktene i Bergen. Det gjaldt strevet med å få tyskarane i byen til å bøya seg inn under norsk lov og norsk kyrkjeskipnad. Dei to tyske sokneprestane, som var utnemde av rådet i Lübeck, nekta å lyda kyrkjeordinansen og å godkjenna biskopen som overhovud. Alt i 1559 klaga S. over dette til lensherre Christopher Valkendorf, som straks kravde at dei to prestane skulle bøya seg eller reisa frå landet; dei valde det fyrste, og det ser ut til at denne underkastinga varde så lenge S. levde.
Trass i alle konfliktane han kom opp i, var S. ein mykje vyrd mann i samtida. At han stod på god fot med kongen, er alt nemt; han vart då også innkalla til Kjøbenhavn då Frederik II skulle kronast i 1559. Ei utgåve av eit teologisk verk av den kjende Rostock-teologen David Chytræus er tilegna S. ("Omnasticum Teologicum", 1578). Og i skriftet "Den norske So", som ein tyskar gav ut på plattysk i 1582, er det brukt sterke lovord om S. Forfattaren hadde vori i Bergen i fleire år og hadde fått fyrstehands inntrykk av kor god og nyttig ein mann biskopen var for byen. Den som har mest detaljar å fortelja om S. er elles Absalon Pederssøn Beyer i dagboka "Bergens Kapitelsbog".
Dotter til S. vart gift med Stavanger-biskopen Jørgen Erikssøn; ein av sønane hans (Peder S., sjå d.) vart biskop i Trondheim og sonesonen Jens Pederssøn S. var biskop i Bergen 1649-65."
|